20.05.2012
Dååå va det vel på tide med litt oppdatering her. Vi he berre ting å gjere heile tida, så blir aldri til at vi teke oss tida til å oppdatere, men here we go:
Etter Quito for vi til Otavalo, markedsbygda, og der vart vi et par nette. Første dagen utforska vi stort sett marknaden, som e heeilt gedigen, basically heile sentrum av byen! Andre dagen tok vi turen til et fossefall rett utafor byen, som også va veldig nice!


Marknaden i Otavalo

Otavalo
Nyte lokalmaten i Otavalo
Neste stopp etter Ecuador va Colombia ? landet vi he gleda oss so voldsomt til å komme til!! Første stopp va Salento, ei lita bygd i kaffiregionen i innlandet i Colombia. Utrulig søt lita bygd med masse sjarm. I nærheita av bygda he du også Valle de Cocora, som e en kjempefin dal, der vi tok oss en dagstur i dalen ? kjempedeilig med litt lukt av natur og frisk luft!!

Valle de Cocora
Valle de Cocora
Valle de Cocora. Litt gjørme og fall må til
Etter Salento for vi til Medellin, som e kjent for å vere en av dei finaste byane i Sør-Amerika. Der vart vi 3-4 daga , før vi reiste vidare mot den karibiske kysten, og det veldig etterlengta strandlivet!! Fra Cartagena reiste vi til Playa Blanca, som e ei øy utafor Cartagena med heilt nydelig strand. Der vart vi ei natt og sov i hengekøye (ikkje beste søvnen, men la gå). På veien dit møtte vi noken engelskmenn som vi tilbringte dei dagane med, og hadde det kjempekjekt! Vidare reiste vi tilbake til Cartagena og til Santa Marta, en tre-timers busstur fra Cartagena, som ligge rett ved sida ei bygd som heite Taganga, og e kjent for å vere ei perle på den karibiske kysten. Der vart vi i tre-fire daga før vi reiste mot Parque Tayrona, en gedigen nasjonalpark, der en må gå gjennom jungel for å komme dit, ser slanga og apa osv, og kjeme plutselig ut på blant dei finaste strendene vi noken gong he sett. Masse små strende overalt, so en må berre gå og leite, so finne en heilt nydelige strende heilt uten folk omtrent. 
Playa Blanca. Frisbeeleiking og bading til sola gjekk ned
Playa Blanca.Chillings i vannkanten utover kvelden/natta
Overnatting i hengekøye i en restaurant på Playa Blanca..
Playa Blanca



Parque Tayrona. Fantastisk landskap!!!
17.mai i Parque Tayrona. I mangel på rekvisitta lagde vi flagg av Solveig sitt bokbind, en blå penn og ketchup. Vi innsåg først dagen etterpå at vi hadde laga flagget feil... Jaja, vi skal ha for forsøket!! 
Vi skulle ha fine 17.mai-bilde i vannkanten med drinka og flagg.. så kom bølgene og tok oss. Jaja, vart i alle fall morsomme bilde, om ikkje fine..


Parque Tayrona <3
No e vi altså tilbake i Taganga, og reise vidare med fly til Bogota, hovudstaden i Colombia, i mårga (herregud så deilig å sleppe den 20-timers bussturen)!! Billige flybilletta ftw! I Bogota blir vi til Onsdag, då vi he et fly til Miami, så det blir nice!
Det va veldig generelt kor vi he vore siste par vekene, men vi he det i alle fall heilt fantastisk! Alt e berre heilt flotters, med unntak av litt legebesøk og styr etter Solveig he hatt 4 veke med en voldsom hoste, og hosta på sej sannsynligvis muskelstrekk mellom ribbeina eller brist i et ribbein. Nye medisina he vi fått, og satse på at det kurera hosta, så ribbeinet kan bli bedre J Sjukdom skal i alle fall ikkje få sette en stoppar for å nyte dei siste par vekene av backpackinga før vi slår oss til ro i Mexico med gode venna som kjeme på besøk, om et par veke! :-D
- Mari&Solveig



























































































